Annonse

Parkinsons-forsking på menneske, planter og zebrafisk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetssjukehuset i Stavanger (SUS) og Centre for organelle research (CORE) ved Universitetet i Stavanger skal studere planter, zebrafisk og hjerneceller frå menneske i jakta på årsakene til Parkinsons sjukdom.

Forskarane frå dei to institusjonane skal arbeide saman for å undersøkje proteinsamansettingar i celler som er påverka av Parkinsons. Sentrale spørsmål er: Kvifor døyr cellene? Og viss ein finn svaret på det – kan ein då bruke denne kunnskapen til å utvikle nye markørar for sjukdomen? I så fall vil medisinarane kunne stille diagnosen – og dermed gripe inn – tidlegare i sjukdomsutviklinga.

Forskarar over heile verda prøver å løyse Parkinsons-gåta. Det spesielle med CORE sine prosjekt, er at dei skal forske på både menneske, fisk og plantar. Hjernevev frå menneske og zebrafisk, pluss testplantar som får Parkinsons-celler poda inn i seg, skal analyseras.

– Vi skal krysse forskingsdata frå disse tre emna og sjå om vi finn nokre fellestrekk. Ingen har forsøkt å gjere det på denne måten tidlegare, seier professor Simon G. Møller.

Helse Vest har gitt senteret fem millionar kroner til Nasjonalt kompetansesenter for bevegelsesforstyrrelser (NKB) ved Stavanger Universitetssjukehus, som er ansvarleg for dei to prosjekta. Halvparten kjem i form av eit postdoc-stipend for tre år. Resten skal dekkje kostnadane til konkrete prosjekt som skal gå over fem år.

Simon Møller seier at det er viktig for CORE å vere med i prosjektet.
– Det er viktig å byggje kritisk masse innan forsking på nevrodegenerative sjukdomar. Dette vil kunne bli eit springbrett for meir støtte, både frå Helse Vest, EU og andre institusjonar, seier Simon G. Møller.

– Samtidig er desse prosjekta ei kraftig fundamentering av samarbeidet mellom CORE og Universitetssjukehuset i Stavanger. Eg er i tillegg veldig glad for at vi gjennom dette prosjektet sikrar oss ein særs dyktig postdoc i Benny Bjørkblom.

Les hele saken hos UiS

Bildet: Postdoc Benny Bjørkblom (foran) og professor Simon G. Møller driv utradisjonell forskning på Parkinsons sjukdom. (Foto: Leiv G. Lie, Universitetet i Stavanger)

Powered by Labrador CMS