Annonse

Oxford-engelsk på vikande front

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er ikkje lenger noko fortrinn for akademikarar å ha engelsk som morsmål, hevdar forskarar.  Det skriv Forskerforum.

Engelsk blir stadig viktigare som arbeids- og undervisingsspråk i høgare utdanning og forsking. Men det er ikkje lenger eit mål for brukarane å snakke engelsk som ein innfødd, hevdar språkforskarar Forskerforum har vore i kontakt med.

– Eg høyrer av og til akademikarar be om orsaking for engelsken sin når dei held presentasjonar, men elles er dei ikkje spesielt opptekne av «korrekt» engelsk språkbruk, og dei korrigerer ikkje kvarandre, seier professor Anna Mauranen ved Universitetet i Helsinki.

Powered by Labrador CMS