Annonse

Omskifteleg jubilant

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Håkonshallen har hatt mange andlet sidan den husa sitt første gilde i 1261. Framleis manglar hallen den opprinnelege kalkpussen.

I fleire hundre år var Håkonshallen si sentrale rolle og tyding som kongesete gløymt. Tidleg på 1800-talet vart restane av den ærverdige hallen først og fremst nytta som kornlager. Først i 1839 vart hallen gjenoppdaga. Kunstnaren J. C. Dahl og læraren hans Lyder Sagen identifiserte lageret som kong Håkon sin hall, nemnt i Soga om Håkon Håkonsson.

I desse dagar vert Håkonshallen sitt 750-årsjubileum markert med ei rekke akademiske og kulturelle tilstellingar. Jubileet vert avslutta med Kongen i Statsråd i Bergen.

Powered by Labrador CMS