Annonse

– Oljestaten Noreg må satsa meir på forsking

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Oljestaten Noreg har råd til å satsa endå meir både på forsking og på utdanning enn den gjer. Ein god idé er å etablera fleire forskingssenter ved prestisjeuniversitet i utlandet, foreslår UiO-rektor Ole Petter Ottersen ifølge Uniforum.

Det er i eit innspel til framlegget til statsbudsjettet for 2013 Universitetet i Oslo og Ottersen kjem med fleire kreative idear om korleis regjeringa kan satsa endå meir på forsking og utdanning. Internasjonalisering er eitt av tiltaka han foreslår.

Innanlands ber UiO-rektoren regjeringa om å auka pengepotten som den legg i ordninga med resultatbasert omfordeling (RBO). Denne ordninga er mellom anna basert på kor stor del av forskinga frå ein institusjon som blir publisert i internasjonale, prestisjetunge vitskapstidsskrift.

UiO ber også om å få meir pengar til vedlikehald av bygningar, til startløyving til bygging av nytt veksthus på Tøyen, midlar til nytt kulturhistorisk museum og pengar til vidare planlegging av senter for livsvitskap, farmasi og kjemi i Gaustadbekkdalen.

Powered by Labrador CMS