Annonse

Nyansatt på bygdeutvikling

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dr. Rhys Evans er tilsett som ny førsteamanuensis i bygdeutvikling ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar, melder HLB.

Rhys Evans har arbeidserfaring frå fleire av dei viktigaste forskingsmiljøa i Storbritannia, som tidlegare Arkleton Centre for Rural Research og Perth Centre for Mountain Studies.

Rektor Dag Jørund Lønning er svært nøgd med at ein kapasitet som Evans no kjem til HLB:

-Dr. Rhys Evans vil styrka HLB sitt arbeid med å bli eit leiande kunnskaps- og utdanningsmiljø for bygdeutvikling i Noreg. Hans breie internasjonale erfaring vil gje studentane våre eit unikt tilbod. Han vil få ei viktig rolle i høgskulen sitt vidare arbeid med utvikling av nye studiar innanfor landbruk og bygdeutvikling, og vil også bli ein sentral ressurs når det gjeld forsking, utvikling og internasjonalisering framover.

Les hele saken på hlb.no

Powered by Labrador CMS