Fotballglade barn bidreg til spennande forsking

To unge fotballspillere som sentrer til hverandre inne i en hall med kunstgressbane. Foto

Fotballforsking: Iver Hustad Vada (t.v.) og Nicolai Bjørk Barkhald er blant dei 100 barna som vart trekte ut til å trene i den nye fotballhallen i Steinkjer kvar onsdag, som ein del av forskingsprosjektet. Foto: Marthe Haugdal / PKOM AS.

Fotballglade barn bidreg til spennande forsking
Fotballens magi skal bli avslørt når 100 entusiastiske barn tar del i eit banebrytande forskingsprosjekt. Nord universitet og lokale partnarar undersøker no helsefordelane ved vekevise treninger.

Korleis påverkar eigentleg fotball den fysiske og psykiske helsa di? Dette skal fotballglade barn i Steinkjer hjelpe forskarar ved Nord universitet med å finne svar på.

Kvar onsdag samlar 100 fotballinteresserte barn mellom 9 og 12 år seg til trening i den nye fotballhallen i byen. På sidelinja står professor Pål Lagestad og kollegaer ved Nord universitet.

– Eg er med - ledig!, ropar Nicolai Bjørk Barkhald og rekk handa i véret for å signalisere til lagkamerat Iver Hustad Vada. Ballen blir slått mot tiåringen, som tek imot ballen og spring mellom dei raude kjeglane som står i formasjon framfor han.

To unge gutter som holder rundt hverandre, den ene med en fotball under armen. Foto
Gode vener: Tiåringane Iver Hustad Vada (t.v.) og Nicolai Bjørk Barkhald er gode kameratar både på og utafor fotballbanen. Foto: Marthe Haugdal / PKOM AS

Barna blir trent etter Coerver Coaching. Dette er eit globalt fotballtreningsprogram, særleg tilpassa spelarar i alderen 5-16 år uavhengig av ferdigheitsnivå.

– Vi skal sjå korleis desse treningane indirekte kan verke på utøvarane si fysiske og psykiske helse, deira oppleving av mestring og sosialt samhald. I tillegg måler vi utviklinga av fotballferdigheitene deira, seier Lagestad.

For professoren i kroppsøving er dette eit prosjekt han har gleda seg til.

Det er ikkje gjort forsking på denne pedagogiske og tekniske tilnærminga i ein slik skala tidlegare.

Pål Lagestad, professor og forskar

– Her har vi 100 omtrent likt motiverte barn som er tilfeldig utvalde til å delta på treningane. For oss som forskarar er dette ein draumestart, forklarar Lagestad.

For folkehelsa

Portrett av mann i ullgenser inne i en fotballhall. Foto
Forskar på verdi: – Vi skal sjå kva verdi dette gir i form av meistringskjensle, sosiale aspekt og venskap, fysisk aktivitet og psykisk helse hjå barna, seier professor Pål Lagestad ved Nord universitet. Foto: Marthe Haugdal / PKOM AS.

Alle barn mellom 9 og 12 år i Steinkjer kommune vart inviterte til å delta i prosjektet. Responsen var overveldande for prosjektgruppa som hadde eit mål om 100 deltakande barn.

– 183 meldte seg på. Vi er kjempeglade for at vi no kan seie at vi har både 100 barn som gjennomfører treninga og 83 i ei kontrollgruppe.

– Desse vil gjennomgå dei same testane framover. Men dei vil ikkje få vekelege treningar med coervermetoden i regi av oss, før det blir helgesamlingar litt seinare i vinter. Det blir spennande å sjå kva resultat dette gir.

Og når Lagestad nemner resultat, er det slett ikkje berre fotballferdigheiter han tenkjer på.

– Dette handlar om så mykje meir. Vi skal sjå kva verdi dette gir i form av meistringskjensle, sosiale aspekt og venskap, fysisk aktivitet og psykisk helse hjå barna. Når nesten 200 barn melder seg på, seier det oss at vi treff eit behov her. Eg vil berømme prosjektgruppa som har fått til dette, seier Lagestad.

Samarbeidsprosjekt

To menn i en fotballhall. Foto
Samarbeid: Fotball for folkehelse er eit gratis tilbod som blir gjennomført av Steinkjer fotballklubb og Steinkjeralliansen fotball, i samarbeid med Nord universitet, Steinkjer kommune, Trøndelag fylkeskommune og Gjensidigestiftelsen. Paul Harald Pedersen (t.h.) leiar prosjektet. Her er han saman med professor Pål Lagestad ved Nord universitet. Foto: Marthe Haugdal / PKOM AS.

Fotball for folkehelse er eit gratis tilbod som blir gjennomført av Steinkjer fotballklubb og Steinkjeralliansen fotball, i samarbeid med Nord universitet, Steinkjer kommune, Trøndelag fylkeskommune og Gjensidigestiftelsen.

– At påmeldinga overgjekk alle våre forventningar, viser at fotball også på vintertid er noko som veldig mange gjerne vil drive med, seier prosjektleiar Paul Harald Pedersen.

– Fotball er tradisjonelt ein idrett som krev lite utstyr, og gir difor mange moglegheiter til å delta. I den tida vi er inne i no, er det likevel barn som kan bli hindra i å delta på grunn av økonomi. Derfor var det ekstremt viktig for oss å klare å skape ein kostnadsfri arena, der alle barn mellom 9 og 12 år vart inviterte, fortel Pedersen.