Annonse

Norsk-estisk forskingssamarbeid

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 22 millionar kroner til forskingssamarbeid mellom norske og estiske forskarar. Frist for å søke er 14. mars.

Det er mogleg å søke om støtte både til grunnforskning og anvendt forskning innafor dei aller fleste områda (sjå lenke til fullstendig utlysing lengre ned på sida).

Det er obligatorisk med minst ein norsk partnar i kvart prosjekt. Det er òg mogleg å inkludere samarbeid med forskarar utanfor Noreg og Estland.

Noregs Forskingsråd er involvert i programmet frå norsk side og skal leggje til rette for partnarskap. Norske forskarar og forskingsmiljø kan mellom anna registrere seg i ein eigen partnarbase på nettsidene til Forskingsrådet.

Powered by Labrador CMS