Annonse

Mot forskingsfronten i grønn teknologi

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Birkeland senter skal bli den nye forskingsverkstaden i samarbeidet mellom Universitetet i Oslo og Institutt for energiteknikk (IFE) på Kjeller, melder Uniforum.

– Målet er å vera i forskingsfronten for utviklinga av grønn teknologi, håpar UiO-rektor Ole Petter Ottersen og IFE-direktør Eva S. Dugstad.

– Med denne avtalen får me ei endå større internasjonal tyngd og vil lettare kunna nytta oss av den vitskaplege infrastrukturen til EU. Det gir oss også større musklar og ressursar til i fellesskap å utvikla teknologi som skal vera med på å forandra samfunnet vårt, sa Ottersen då avtalen blei signert.

– Me må bli meir internasjonale og bli flinkare til å påverka dei politiske prosessane i Europa. Dette samarbeidet kan gjera oss sterkare innanfor miljøteknologien og påverka EU i prosessen med å utvikla nye forskingsprogram, meinte Ottersen.

Les hele saken på uniforum.no

Powered by Labrador CMS