Annonse

Millionar til utforsking av manteldynamikk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Geologiprofessor Trond Helge Torsviks draum er å finna ut kvifor kontinentalplatene gjennom fleire hundre millionar år har glidd sakte rundt på jordoverflata. Med 20 millionar kroner frå ERC kan UiO-forskaren utvikla teorien sin om manteldynamikk og oppleva at draumen blir røyndom.

Geologiprofessor Trond Helge Torsvik fekk nyleg vita at han hadde fått tildelt 20 millionar kroner frå det Det europeiske forskingsrådet (ERC). Han er dermed den fjerde UiO- forskaren som får denne prestisjefylte pengeløyvinga i 2010. I tillegg har UiO fått millionløyvingar frå ERC til to yngre lovande forskarar.

Trond Helge Torsvik er for tida engasjert som leiar for ei forskargruppe ved Senter for grunnforsking i Drammensveien. Men han er fast tilsett som professor ved SFF-senteret Physics of Geological Processes (PGP) ved UiO. Det er også der han skal etablera den nye forskargruppa si som skal gå endå grundigare inn i materien når det gjeld å forska på rørslene til kontinentalplatene.

Powered by Labrador CMS