Annonse
(Illustrasjon: Pål Thomas Sundhell)

Stabilt lågare nivå av miljøgifter i blåkveite

På bakgrunn av nye undersøkingar meiner NIFES at det ikkje lenger er fagleg grunnlag for å oppretthalde stenginga av blåkveitefiske i områda i Norskehavet.

For tredje året på rad er det funne klart lågare nivå av organiske miljøgifter i blåkveite enn i tidlegare undersøkingar i områda langs Eggakanten, sør for Vesterålen i Norskehavet.

NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning) meiner difor at det ikkje lenger er fagleg grunnlag for å halde fram med stenginga av dei to områda som har vore stengde sidan 2012.

– Tre år på rad med lågare nivå av organiske miljøgifter viser at dette truleg ikkje berre er tilfeldige endringar, men eit stabilt lågare nivå, seier Bente Nilsen, som er forskar ved NIFES.

Powered by Labrador CMS