Annonse

Menn i mindretal

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I generasjonar var det helst menn som blei legar, psykologar og tannlegar. Annleis er det no. I dag er det så få gutar som søkjer seg til profesjonsstudia medisin, psykologi og odontologi at Universitetet i Oslo vurderer kvotering, melder kifinfo.no.

I desse dagar sender leiinga ut eit framlegg på høyring der dei vurderer å innføre tilleggspoeng og andre rekrutteringstiltak for mannlege søkjarar til medisin, psykologi og odontologi (tannlegestudiet).

Problemet er enkelt å sjå: Av dei som søkte på profesjonsstudiet i psykologi ved UiO våren 2012 var berre 20 prosent menn, og talet på mannlege søkjarar er søkkande. 70 prosent av dei som får tilbod om plass på odontologi er kvinner. Tilboda er ikkje fullt så skeive på medisin – 60 prosent kvinner og 40 prosent menn. Dessutan: Mennene som først får tilbod om plass på dei tre studia, takkar oftare nei enn kvinnene.

Dei tre fakulteta som tilbyr desse studieprogramma ved UiO, samt studiedirektør Monica Bakken, gav ei arbeidsgruppe i oppgåve å leggje fram løysingar. Rapporten deira går inn for tilleggspoeng for menn til dei tre studia, allereie ved opptaket hausten 2013. I dag finst det ikkje noko studie ved UiO med kjønnspoeng korkje for kvinner eller menn.

Powered by Labrador CMS