Annonse

– Manifestet til terroristen må analyserast

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Forskarar må analysera manifestet til den norske terroristen som stod bak terroråtaka i Oslo og på Utøya. Dei må ikkje vera redde for å bli konfronterte med ideane hans. Det sa forskar Anders Romarheim då han innleidde forelesingsserien ”Etter 22. juli” i Gamle festsal laurdag ettermiddag.

Rektor Ole Petter Ottersen opna den første forelesinga med å understreka at det ikkje var Universitetet i Oslos oppgåve å analysera det som skjedde den 22. juli.– Bidraget vårt blir å gi kunnskapsbasert og meir nyansert informasjon om dei temaene som den 22. juli aktualiserte, understreka Ottersen overfor dei rundt 100 tilhøyrarane.

Powered by Labrador CMS