Annonse

Lærarstudentar får lite godt i matematikk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Lærarstudentar på norske universitet presterer langt dårlegare i matematikk enn tilsvarande lærarstudentar i andre land, melder Uniforum.

Samanlikna med lærarstudentar som spesialiserer seg i matematikk i Tyskland, Polen Singapore, Taiwan, Russland og USA, gjer norske bachelor- og masterstudentar det svakare. Dette er alle lærarstudentar som kan undervisa i matematikk både på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skulen. Dei same lærarstudentane frå desse samanlikna landa, får også langt betre resultat enn dei norske lærarstudentane i kunnskap om undervisningsmetodar i matematikk (matematikkdidaktikk). Jamn over gjer allmennlærarstudentar på høgskulane det langt dårlegare i matematikk enn lærarstudentar på norske universitet.

Det er Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved UiO som har koordinert den norske delen av undersøkinga i samarbeid med Universitetet i Agder, Høgskulen i Bergen og Høgskolen i Sør-Trøndelag. Førsteamanuensis Liv Sissel Grønmo ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking på UiO, har vore prosjektleiar for undersøkinga i Noreg. Forskingsfunna blei presenterte på ein pressekonferanse i Realfagsbiblioteket på UiO, torsdag 22. mars.

 

Powered by Labrador CMS