Annonse

Kva skjer med Nomadikon?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Gjennom fire gode år har forskingsgruppa Nomadikon vorte bygd opp. I følgje evalueringsrapporten har Nomadikon blitt eit av dei viktigaste av sitt slag i verda. Men vegen vidare er uviss, skriv På Høyden.

Nomadikon har sidan 2008 vore eit prosjekt støtta av Bergens forskingsstiftelse (BFS). I 2008 fekk prosjektleiar og professor Asbjørn Grønstad løyva 15,3 millionar kroner fordelt over fire år for å forske på bilete og visuell estetikk.

Visuell kultur er og visuell estetikk er eit fagfelt det kan være vanskelig å få tak om. Djupast sett handlar det om bilete, og korleis dei blir forstått. Frå starten av var Grønstad klar på at han ville bygge noko som kunne strekke seg ut over den fireårige prosjektperioden.

Powered by Labrador CMS