Annonse

Kunnskap med kultur på UiO-festivalen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarar, poetar, popartistar og operastjerner inntar Universitetet i Oslo førstkomande laurdag når universitetet for andre gong arrangerer UiO-festivalen, meldar Uniforum

Heile Universitetet i Oslo blir eit laurdagsuniversitet frå klokka 12.00 til klokka 18.00 den 20. april. Både dei som vil ha meir kunnskap og dei som heller vil ha litt kultur, vil få det dei ynskjer i rikeleg monn.

For dei kunnskapstørste vil ein av dei mest interessante foredragshaldarane vera kreftforskaren Johanne Olweus. Ho spør om me kan lura immunceller til å tru at kreft ein infeksjon. 

Samtidig vil poeten Jan Erik Vold fortelja om korleis det er å føra krig mot den gjengse maratonprosa. Og han vil også halda konsert saman med pianisten Egil Kapstad. Og av norske artistar kjem også Lars Lillo Stenberg, kjent frå De Lillos, Come Shine med Live Roggen, operastjerna Ingebjørg Kosmo og Valkyrien Allstars. Barna får sitt eige Barneuniversitet med teater, vitskaplege eksperiment og med songaren Maj Brit Andersen.

Powered by Labrador CMS