Annonse

Kristin Halvorsen opna CIENS toppsenter

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen opna det flunkande nye CIENS toppsenter i Forskningsparken i går, melder Uniforum.

– Forskingsmiljøa i CIENS er eit godt bilete på tverrfaglege forskarar som samarbeider på eit høgt nivå og er på lag med framtida. For å finna gode løysingar på klimaendringane er det viktig med samarbeid mellom styresmakter, forsking og næringsliv, meinte Kristin Halvorsen.

For statsråden kom også med ei viktig opplysning om norsk klimapolitikk.

– Klimameldinga er nettopp ferdig handsama i regjeringa og gitt vidare til vidare handsaming i Stortinget. Den viser at klimaforliket i stor grad vil halda fram som før, medan løyvingane til klimaforskinga skal auka.Tiltak for å hindra klimautslepp blir ført vidare, fortalde Halvorsen.

Etter hennar meining har også dei siste vêrnyhenda i Noreg vore ein peikepinn på klimaendringane.

– Flaumen på Austlandet i førre veke var ei påminning om korleis desse endringane påverkar oss. Klima og miljø heng også nøye saman. Miljøgifter kan bli endå giftigare på grunn av klimaendringane.  Humanistar og samfunnsvitarar kan fortelja oss korleis klimaendringar og klimatiltak endrar samfunnet, medan forskarar i naturvitskap og teknologi kan utvikla løysingar på desse problema, peika ho på.

Powered by Labrador CMS