Annonse

Krev betre statistikk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Utan grundigare statistikk er det vanskeleg å vurdere om politiske tiltak har den ønska effekten, seier Ernst Kristiansen (bildet) i Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif-komiteen).

Kvart år lagar Forskingsrådet rapportar frå forskingsinstitutta. Kjønnsbalanse i sektoren er eit av emna i rapporten. Det er velkjend at delar av denne sektoren er svært kjønnsdelt, særleg gjeld dette for dei teknisk-industrielle institutta. Difor meiner Kif-komiteen at det er svært viktig å følgje situasjonen i instituttsektoren tett. Men Forskingsrådet gir ikkje grundige nok opplysningar om situasjonen i sine årsrapportar, meiner Kif-komiteen.

– Når det gjeld rapportane for instituttsektoren, hadde det vore enkelt å gjere det betre. Problemet er at kategoriane som blir brukt i rapportane, er for store og gir for lite nyansert informasjon, seier Ernst Kristiansen, konserndirektør i SINTEF og medlem av Kif-komiteen.

Johs. Kolltveit, spesialrådgivar i Forskingsrådet, meiner det ikkje er så enkelt å få fram den informasjonen Kristiansen og Kif-komiteen etterlyser.

– Ein får ikkje meir ut av forskarregisteret enn det ein legg inn der. Og grunnen er som nemnt at det ikkje er eit felles lønnssystem for instituttsektoren. Der er det arbeidsmiljøloven som rår, ikkje tenestemannsloven og statens lønnssatsar. Difor er det vanskeleg å få det til, seier Kolltveit.

– Forskingsrådet seier at det er vanskeleg, men det er meir informasjon som er tilgjengeleg i registeret. Dei burde bruke den også, meiner Kristiansen.

Powered by Labrador CMS