Annonse

Knut Fægri blir viserektor for Ole Petter Ottersen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kjemiprofessor Knut Fægri blir viserektor for rektor Ole Petter Ottersen. – Fægri vil vera ein stor ressurs når det mellom anna gjeld planane om å byggja eit senter for livsvitskap, seier Ottersen til Uniforum.

Kjemiprofessor Knut Fægri har både vore dekan og prorektor ved Universitetet i Oslo. Han var prorektor i den siste rektorperioden til Lucy Smith frå 1996-98, og dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet frå 2003 til 2012. No blir han viserektor for rektor Ole Petter Ottersen saman med Ragnhild Hennum.

Frå før er det klart at språkprofessor Ruth Vatvedt Fjeld overtar stafettpinnen som prorektor frå Inga Bostad.

Powered by Labrador CMS