Annonse

Kjønnspoeng skal få menn inn på psykologi

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

To ekstra kjønnspoeng skal sikra at fleire menn tar profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Oslo. – Det er svært viktig at også menn blir psykologar, seier instituttleiar Kjetil Sundet til Uniforum.

Både fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet og instituttstyret ved Psykologisk institutt har godkjent at det blir innført ei prøveordning med å tildela to ekstra kjønnspoeng til menn som søkjer seg inn på profesjonsstudiet i psykologi. Om også Universitetsstyret vedtar forslaget, kan tiltaket setjast i verk for dei mennene som vil søkja seg inn på profesjonsstudiet i 2013. I 2011 var heile 80 prosent av alle som kom inn på profesjonsstudiet, kvinner.

– Det er ei utvikling som har skjedd over fleire år. Også studentkulla har tatt dette opp med oss, fordi det ikkje er bra verken for studentmiljøet eller for samfunnet at berre to av ti psykologar er menn, seier instituttleiar Kjetil Sundet.

 

Powered by Labrador CMS