Annonse

Høgskoleforsking: - Vanskeleg å gjere karriere

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Unge som vil gjere forskarkarriere ved ein høgskole, kan bli skuffa. Utan tid til forsking blir draumen fort knust, skriver Forskerforum.

– Det er ikkje lett å utvikle ein forskarkarriere ved ein mindre høgskole. Du skal ha mykje flaks òg, seier førsteamanuensis Ingunn Alne Hoell ved Høgskolen i Stord/Haugesund. Ho fekk jobb ved ingeniørutdanninga ved Høgskolen i Stord/Haugesund etter avslutta ph.d.-utdanning ved Universitetet for miljø- og biovitskap.

– Når ein kjem som nyutdanna med doktorgrad til ein høgskole, får ein gjerne 100 prosent undervisning. Det var eit sjokk å oppdage at eg ikkje fekk tid til FoU. Då er det ikkje enkelt å prøve å byggje opp ein forskarkarriere parallelt med undervisninga.

Ho fortel at dei vitskapleg tilsette ved høgskolen i utgangspunktet ikkje har rett til å forske.

– Det ein må gjere, er å søkje om FoU-tid. Om ein sjølv klarer å skaffe eksterne midlar, kan ein bli frikjøpt frå undervisninga. Det verste er det uføreseielege, at ein ikkje veit om ein får FoU-tid til neste år. Slik trur eg det er fleire stader. Når det er sagt, har eg heilt andre arbeidsforhold i dag fordi eg har greidd å skaffe eksterne forskingsmidlar.

 

Powered by Labrador CMS