Annonse

Heller internasjonal i Arktis enn størst i Nord-Noreg

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Tromsø har lansert seg sjølv som eit lokomotiv i nordområdesatsinga og identifiserer seg heller som eit internasjonalt universitet i Arktis-regionen enn det største i Nord-Noreg. Det har UiO-forskar Rómulo Pinheiro funne ut, melder Uniforum.

Det er rektor Jarle Aarbakke og forgjengaren hans i rektorstolen, Ole Danbolt Mjøs som får ein god del av æra for det hamskiftet som har skjedd ved Universitetet i Tromsø.

– Aarbakke og Mjøs har vore svært viktige i arbeidet med å informera regionen om rolla til Universitetet i Tromsø og korleis det kunne utvikla seg frå å vera ein regional aktør i Nord-Noreg til å bli ein internasjonal aktør i Arktis- og Barents-regionen. Samtidig har Jarle Aarbakke også hatt ein sentral posisjon i utviklinga av regjeringa sin nordområdestrategi, konstaterer forskar Rómulo Pinheiro ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet på Universitetet i Oslo.

 

Powered by Labrador CMS