Annonse

- Håper spørsmåla lever vidare

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Etter nesten seks år går det tverrfaglege forskingsprosjektet CULCOM snart over i historia. Det blir markert med ein stor konferanse på Litteraturhuset 26.mai.

- Konferansen er meint som ei oppsummering av all den forskinga som har blitt gjort i prosjektet gjennom desse seks åra, seier administrativ koordinator og ansvarleg for konferansen, Hedvig Bergem.

Forskarar frå fem fakultet og nærare 20 fag har sidan oppstarten av prosjektet i 2004 forska på tema knytt til kulturell kompleksitet i det nye Norge. Prosjektet vart valt ut som satsingsområde ved UiO, og målet har vore å produsere nye skildringar og analyser av Norge som tar inn over seg dei store kulturelle og sosiale endringane dei siste åra.

- I nesten seks år har CULCOM teikna eit oppdatert kart over Norge. Forskingsprosjekta har ikkje vore styrt av ein sentral femårsplan, men av ei handfull spørsmål som har sirklar rundt tilhøvet mellom inkludering og ekskludering, skriv sosialantropolog og leiar av CULCOM, Thomas Hylland Eriksen, i etterordet til programheftet.

Avslutningskonferansen på Litteraturhuset 26.mai vil vere ein kombinasjon av fagleg og kunstnarleg innhald med både musikk, dans, utstilling og debattar over aktuelle tema.

Det faglege trekkplasteret er den politiske teoretikaren Chantal Mouffe. Ho vil halde eit innlegg om korleis vi kan leve saman i fleirkulturelle samfunn. I tillegg inviterer konferansen til samtale med forskarar over tema som ”Må religion aksepterast?”, og ”Finst det grenser for mangfald”?

For CULCOM er det viktig at forskinga blir tatt vidare etter at prosjektet er avslutta.

-CULCOM har stilt nokre spørsmål og på vegen har det dukka opp veldig mange nye spørsmål. Det er viktig at nokon tar tak i desse, og at forskinga integrerast andre stader, seier Bergem.

- Forsking om det nye Norge vil halde fram med å reise spørsmål om kva Noreg er, kva hovudbetyding ”norsk” har, kva sosial integrasjon er, og kva som djupast sett meinast når politikarar snakkar om ”fellesverdiane”. Men desse spørsmåla kan stillast på mange ulike måtar, og berre nokre få av dei har hittil vore prøvd ut, seier Hylland Eriksen.

Program og påmelding

Powered by Labrador CMS