Annonse

Forskingssamarbeidet med EU må halda fram som i dag

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Noreg bør halda fram med dagens tilknyting til det europeiske forskingsområdet innanfor EU, konkluderer ein rapport som blei overrekt kunnskapsminister Kristin Halvorsen, melder Uniforum.

Ei vidareføring av dagens tilknytingsform til det europeiske forskingsområdet (ERA) innanfor EU, vil både vera enklare å handtera og gjera det langt lettare for Noreg å bli med i EUs kommande rammeprogram for forsking, Horizon 2020. Det einaste som trengst for å få det til er eit stortingsvedtak. Det er konklusjonen i ein rapport som Technopolis Group har laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

I rapporten er det skissert fire alternative tilknytingsformer til EUs forskingspolitikk. Det første alternativet er å lata all deltaking i EUs forskingsprogram bli inkludert i den forpliktande delen av EØS-avtalen.

Det andre alternativet inneber inga endring. Forskingssamarbeidet inngår i den frivillige delen av EØS-avtalen.

Det tredje alternativet er ein bilateral avtale med EU, lik den som Sveits og Israel har i dag.

Det fjerde og siste alternativet er å inngå ein avtale som eit tredjeland, på lik linje med USA. Då vil Noregs rolle berre bli prosjekt til prosjekt-deltaking. Det var slik situasjonen var før 1994.

 

Powered by Labrador CMS