Annonse

Forskar på lokal smak

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Smakar mat ulikt om han kjem frå den eine eller den andre kanten av landet? No vil forskarane prøve å finne ut om produksjonsmåte eller produksjonsstad fører til skilnader i smak og kvalitet, melder Bioforsk.

Rakfisk frå Valdres, mjølkeprodukt frå Røros, eller alt det ein mathall i Oslo har å by på. Fleire og fleire bruker ekstra kroner på den heilt spesielle maten.

Men har det noko å seie kor maten kjem frå? Ja, meiner forskingsleiar Ragnar Eltun hos Bioforsk. I marknadsføringa får historia bak maten stor plass. No vil forskarane finne fram til korleis dei kan gjera sitt for å utvikle den lokale matproduksjonen.

– Vi ser jo heilt klart at det er bruk for dokumentasjon på kvaliteten på desse produkta. Historia rundt produktet er spanande, men det er òg viktig at ein kan vise til at det er reelle kvalitetar, ifølgje Eltun.

Powered by Labrador CMS