Annonse

Det nye klasserommet

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Når studentane ikkje kjem til høgskolane, må høgskolane kome til studentane, melder Forskerforum.

– Sjølvsagt saknar eg møtet med studentane. Men eg opplever likevel nettundervisning som svært positivt, seier høgskolelektor Ellen Baskår, som underviser i kunst og handverk ved Høgskolen i Telemark. Ho sit i eit klasserom på Notodden og førebur seg til å møte studentane sine på nettet.

På bordet ligg innleverte studentarbeid, både handbroderi og digitale broderi.

– Desse studentane går kunst og handverk 2, for klassesteg 5.–10. Mange lærarar som underviser i ungdomsskolen, har ikkje formell kompetanse i kunst- og handverksfag, og difor er det ein stor marknad for denne utdanninga, seier Baskår.

Powered by Labrador CMS