Annonse

Bjerknessenteret i folgefonnsamarbeid

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Bjerknessenteret og Folgefonnsenteret inngjekk torsdag eit samarbeid. Målet er å skapa eit forskings- og formidlingssenter ved foten av Folgefonna, skriv På høyden.

Samarbeidsavtalen tar sikte på å skapa eit senter med aktivitetar knytt til klimaforsking med knyting til glasiologi og bruk av isbrear som klimaindikatorar. Senteret skal ha sete i Rosendal i Kvinnherad. Folgefonnsenteret er enno på forprosjektstadiet, og er eit samarbeid mellom Kvinnherad kommune, Hordaland fylkeskommune og private bidragsytarar.

No skal dei to partane samarbeida om å sikra grunnlaget for etablering og drift av senteret, samt arbeidsplassar. Planen er å leggja til rette for faste forskar- og teknikarstillingar, samt andre stillingar knytta til senteret, kan ein lesa i pressemeldinga. Eystein Jansen, direktør for Bjerknessenteret, ønsker å realisera senteret så snart som råd. Han peikar på at Folgefonna er ein viktig isbre i klimasamanheng.

– Me driv alt omfattande forsking på Folgefonna. Det vert bra å få ein base for forskinga i Rosendal, seier Jansen til På Høyden.

I tillegg til forsking set prosjektet formidling sentralt, til dømes gjennom program tilknytta skular.

– Plasseringa skapar ei unik muligheit for å trekkja inn natur og miljø direkte inn i undervisninga, dette trur eg kan stimulera interesse for naturvitskap, seier Jansen.

Bjerknessenteret kjem ikkje til å bidra direkte til finansieringa av Folgefonnsenteret, men med humankapital, seier direktøren.

– Me vil vera leigetakarar på senteret, og bidra økonomisk på den måten. Me vil arbeida for å få forskingsprosjekt som er tett knytta til senteret, og dette vil også skapa inntekter, seier Jansen, som ikkje ser vekk frå at det i framtida kan verta mogeleg å etablera tekniske eller forkinsmessige stillingar ved senteret.

Prosjektleiaren for Folgefonnsenteret, Knut Førland, ser på samarbeidet som ein milepæl. Prosjektet har vore nær nedleggjing.

– Med Bjerknessenteret på laget har vi stor tru på at vi skal klara å koma i mål med Folgefonnsenteret, seier han i pressemeldinga.

Powered by Labrador CMS