Annonse

– Biblioteka må overføra pengar til forskingsmiljøa

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Pengar som biblioteka har brukt til abonnement på vitskaplege tidsskrift, må overførast til forskingsmiljøa. Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth meiner det må bli konsekvensen av auka bruk av ope tilgjengelege tidsskrift, melder Uniforum.

Denne veka kom det tal som viser at 17 prosent av alle forskingsresultat i verda blir publiserte i ope tilgjengelege kanalar. I Storbritannia blir heile 52 prosent av alle forskingsresultat no publiserte i fritt tilgjengelege tidsskrift.

Samtidig vil EU krevja at funn frå forskinga for 80 milliardar euro finansiert av forskingsprogrammet Horizon 2020, skal publiserast i opne kanalar.

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth, som også er preses for Vitskapsakademiet, er positiv til at mest mogleg av forskinga skal publiserast i fritt tilgjengelege tidsskrift.

Powered by Labrador CMS