Annonse

Bergen best på informatikk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen (UiB) er best i landet, og er på visse område internasjonalt leiande, meiner ein internasjonal ekspertkomité.

– Me har ein fantastisk stab med dyktige folk som er motiverte for å bruka evnene sine. Dette er ei velfortent tilbakemelding til medarbeidarane her, seier instituttleiar Petter Bjørstad.

Ei internasjonal ekspertgruppe har på vegne av Noregs Forskingsråd evaluert den norske IKT-forskinga. Ekspertgruppa konkluderer med at Institutt for informatikk ved UiB er best i landet. To av forskningsgruppene, Algoritmer og Sikker og pålitelig kommunikasjon, får toppkarakteren 5. 

Visualiseringsgruppa får karakteren 4–5. Snittet for dei fem evaluerte gruppene er på 4,4. Ingen andre informatikkinstitutt i landet har et så høgt snitt eller så mange grupper med toppkarakterer.

Powered by Labrador CMS