Svalbard-øglene får navn

Etter fleire år med omstendeleg puslespelleggjing er dei fyrste fossila frå øglegravarane på Svalbard endeleg beskrivne. Navna vert offentleggjorde seinare i vår.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Plesiosaur. (Illustrasjon: Tor Sponga)

Death of a Sea Monster


Frå National Geographic-dokumentaren “Death of a Sea Monster”.

Dokumentaren “Death of a Sea Monster” vart vist på National Geographic i 2011, men har ikkje vore vist på norske TV-skjermar. No har National Geographic lagt heile filmen ut på nett.

Se “Death of a Sea Monster” her

Meir om Svalbardøglene

10.2.: Prøveforelesing og disputas
Ved Espen Madsen Knutsen. Både prøveforelesinga og disputasen seinare på degn er opne for alle

19.2.: Fiskeøgler – krypdyrenes delfiner
Sundagsforedrag på Naturhistorisk museum ved masterstudent Aubrey Roberts

I seks år har Espen Madsen Knusten vore del av teamet frå Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo som har gravd ut fiskeøgler og svaneøgler på Svalbard.

Øglene har vorte kjendisar, mellom anna gjennom dokumentarfilmar på National Geographic Channel, History Channel, BBC og NRK. 

forskning.no streama utgravinga på Svalbard i 2010.

Denne veka disputerer Knutsen med doktoravhandlinga si om dei gamle havdyra som levde frå cirka 245 til 65 millionar år sidan. I alt beskriv han fem nye arter - fire langhalsa svaneøgler og ei korthalsa.

Ny fauna

Då turistar og TV-team hadde reist heim frå Svalbard og gevær og snubletrådar for isbjørn var stua inn i det siste helikopteret, starta pirkearbeidet med å skilja fossila frå gipskappene dei blei støypte inn i og skiferen dei låg i.

Og dette er ikkje det einaste puslespelet forskarane har drive med.

− Det er ein heilt ny fauna vi har oppdaga. Øglene vi har funne, er ikkje funne andre stader. Dei liknar på funn som er gjort i England og Frankrike frå same periode, men er ikkje like, seier Knutsen.

Dermed må forskarane prøva å finna ut korleis dei nye artane føyer seg inn i det evolusjonære puslespelet.

Spesialutgåve til sommaren

Espen Madsen Knutsen under utgravning på Svalbard. Foto: Lena Kristiansen

Når forskarane oppdagar nye artar, vert beskrivelsane av dei gjeve ut i ein vitskapleg publikasjon. Før det skjer har ikkje forskarane lov til å offentleggjera dei vitskapelge navna.

Knutsen har beskrive fem nye artar som tilhøyrer to nye slekter. Beskrivelsane vert publisert i ei spesialutgåve av Norsk Geologisk Tidsskrift til sommeren.

− Fire av artane er langhalsa plesiosaurer, eller svaneøgler, medan ein er korthalsa.

− Den eine arten har 60 virvlar i halsen, det er det meste vi kjenner til hjå svaneøgler frå juraperioden.

Den sjette fingeren

Men det mest oppsiktsvekkjande funnet er starten på ein sjette finger hjå svaneøglene.

− Fiskeøglene har ofte fleire fingrar. Nokre artar har så mykje som fjorten fingrar i kvar luffe.

− Det har vore oppfatta som at dei har vore meir tilpassa eit liv i havet enn svaneøglene.

− Men når vi no ser det som kan ha vore byrjinga på den sjette fingeren hjå svaneøgler òg, kan det vera grunn til å nyansera denne oppfatninga.

Tær som mandarinbåtar

Han understrekar at desse sjette fingrane er såkalla rudimentære, det vil seie at dei er ufullstendige og ikkje større enn små mandarinbåtar. Men over millionar av år kan desse mandarinbåtane ha utvikla seg til fullverdige fingrar.

Espen Madsen Knutsen og Patrick Druckenmiller (University of Alaska, t.h.). Legg merke til dei snorrette lagdelingane i fjellet i bakgrunnen. Foto: Jørn Hurum, NHM

− Problemet med ein ny fauna som dette er at vi gjerne har berre eitt eller to individ av same arten. På Svalbard reknar vi med at ein centimeter skifer utgjer cirka 2000 år, og artane vi har funne, ligg ti til 25 meter frå kvarandre i høgdeforskjell.

− Dermed kan vi anslå at dei ligg mellom to millionar og fem millionar frå kvarandre i tid, men vi veit ikkje om dei yngste stammar frå dei eldste, eller om det er snakk om ulike greiner av svaneøgler, seier Knutsen, og nemner eit annan døme:

− Vi har funne langhalsa svaneøgler som har større bakluffer enn framluffer. Det er ofte motsatt hjå tidlegare funne øgler av denne typen, men fordi vi har så lite data, veit vi ikkje kva det betyr.

− Hadde dei større bakluffer fordi dei levde i ein annan økologi enn mange av dei svaneøglene vi kjenner frå før? Gjorde det dei til raskare symjarar? Eller var dette kanskje noko som endra seg frå ung til vaksen?

Men at utgravingane reiser fleire nye spørsmål, bekymrar ikkje Knutsen.

− Det er den stadige jakta etter svar på nye spørsmål som driv vitskapen framover. Det har vore liv på jorda i milliardar av år, medan det er mindre enn 200 år sidan paleontologien fekk navnet sitt. Vi legg heile tida nye bitar til puslespelet.

Bakgrunn:

10. februar forsvarar Espen Madsen Knutsen forsvarar doktoravhandlinga Late Jurassic plesiosaurians (Sauropterygia- Plesiosauria) from the Agardhfjellet Formation on Svalbard.

Powered by Labrador CMS